NTL mener: Mindre klimautslipp på UiB

NTL UiB vedtok på årsmøtet 6. mars uttalelser om reduksjon av klimautslipp:

1. Universitetet i Bergen som pådrivar til det grønne skiftet.
Årsmøtet i NTL-UiB ser det som svært nødvendig og positivt at Universitetet i Bergen har ein aktiv og tydeleg miljøprofil. UiB er heilt i fremste rekke når det gjeld klimaforsking og har bidratt betydeleg inn i FN sitt klimapanel. Det er derfor veldig naturleg at UiB går i bresjen og viser seg som eit universitet som tar klimautfordringane på det største alvor. NTL ser det som positivt at leiinga ved UiB ønskjer å sjå på reiseverksemda ved UiB og vil tilrå at alle avdelingane ved UiB får tydelege mål på korleis ein kan få ned reiseverksemd, både innanlands og utanlands, som medfører eit større miljøavtrykk. I så måte vil NTL vise til leiinga ved UiO som har bestemt å ikkje lenger legge styreseminar til utlandet. NTL meiner at UiB bør følge UiO sitt eksempel, og at dette også må gjelde for seminar/ekskursjonar på administrative avdelingar,
fakulteta, institutta og sentra på UiB. Å kjøpe klimakvoter til UiB-tilsette er etter NTL si meining derimot ein dårleg måte bruke ressursane til institusjonen på, og vi ber leiinga sjå på andre måtar for å nå målet om å vere klimanøytrale innan 2030.

Årsmøte 2019 – innkalling og sakspapir

Årsmøtet i NTL UiB vert helde Onsdag 6. mars. Vi begynner kl. 14.30 i Kantinen, Sydnesplassen 9 (Sydneshaugen skole), 2. et. med mat, og held fram med ordinære årsmøtesaker etter dette (frå rundt 1530).

Sjølve årsmøtet vert halde i Auditorium D, Sydneshaugen skole. Det vert utdeling av hedersteikn til medlemmer med 25 og 40 års medlemskap i NTL/LO i tillegg til handsaming av årsmøtesakene.

NTL UiB tilrår ja til ny offentleg pensjonsordning.

Styret i NTL UiB har i møte 03.05 handsama spørsmålet om kva vi skal råda medlemmene til å stemma i uravstemninga om ny pensjonsordning for offentleg tilsette og råder medlemmene til å stemma ja til det framforhandla forslaget.

Eit samstemt styre vil understreka at vår viktigaste tilråding til alle medlemmer er å delta i avstemminga. Det at medlemmer gjer seg opp si eiga meining om det foreliggande forslaget har ein eigenverdi og gjer at resultatet vil vera demokratisk fundert.

Nytt styre i NTL UiB

Eit godt besøkt årsmøte i NTL UiB handsama årsmøtesakene og valde nytt styre. Nestleiar Berit Storaker blei takka av etter seks år som tillitsvald og Morten-Christian Bernson vart ny nestleiar etter henne. I tillegg kom det inn nye krefter både på styreplassane og som vararepresentantar.

Heile styret er no som følger: