Hopp til innholdet

Kva tyder lønsoppgjeret for deg?

Lønnsoppgjeret i staten er halvferdig. Dei sentrale partane har hatt sine forhandlingar og resultatet er klart, men kva dette faktisk tyder er langt frå klart. Når Unio har gått inn på Akademikerne sin tariffavtale med berre lokal fordeling av pengar, og i tillegg skal forhandla om alle uorganiserte sin lønsmasse i lokale forhandlingar, er det mykje som er uklart når det gjeld korleis oppgjeret vil slå ut for mange tilsette. Men nokon ting er veldig klart.

Om du er førstekonsulent og med i NTL, har du frå 01 mai fått 10 000 + eitt lønnstrinn, som blir ca 18 000 for dei fleste. Dei som er med Forskerforbundet, ein forening i Akademikerne eller er uorganiserte har ikkje fått noko, men må venta og sjå kva generelle lokale tillegg dei og arbeidsgjevar vert samde om. Dersom Unio og Akademikerne ikkje vil prioritera denne gruppa, vil desse få mindre lønstillegg enn NTL-medlemmene.

Om du er stipendiat eller postdoktor og med i NTL, har du som alle tilsette fått minst 10 000 i lønstillegg frå 01 mai. Dei som ikkje er med i NTL, har så langt ikkje fått noko, og er avhengig av at Unio, Akademikerne og arbeidsgjevar vil gje dei generelle tillegg lokalt. Tilsette i desse stillingane har vanskeleg for å få individuelle tillegg i lokale forhandlingar og vil normalt i liten grad nå opp der.

Ansiennitetsopprykk

Det er innført eit nytt system for ansiennitetsopprykk, der tilsette går frå lønsrammer med auka lønstrinn til ulike tidspunkt etter tilsetting til lønsstigar der ein aukar løna kvart år. Stipendiatar får 3% auke i året, andre får enten 1,1% i ti år eller 1,1% i ti år, deretter 0,55% i seks år. Nytt er at det no berre er stillingsansiennitet som tel – så fiktiv ansiennitet tel ikkje lenger med. Dette gjer at fleire vil få automatisk lønsvekst framover.  NTL sine medlemmer kjem også inn under overgangsordningar som skal sikra minst mogeleg tap av framtidig lønsvekst. Desse overgangsordningane gjeld ikkje i det andre tariffområdet.

Andre stillingar

NTL sine medlemmer utanom desse gruppene  får 10 – 20 000 i  tillegg frå dei sentrale forhandlingane, ettersom alle under lønstrinn 64 får auka verdien av lønstrinnet med 10 000, frå 65 og opp får ein 1,7% auke. Uorganiserte, medlemmer i Forskerforbundet og foreninger i Akademikerne vil kunne få generelle lokale tillegg dersom unio, akademikerne og arbeidsgjevar prioriterer dette. Størrelsen på desse er uviss og eit forhandlingsspørsmål. Dersom slike tillegg vert lågare enn for NTL og Parat sine medlemmer, vil alle desse vera avhengig av å nå fram med individuelle krav for å ha same lønnsutvikling som sine kollegaer. Dermed er ein avhengig av både arbeidgjevars velvilje og å bli prioritert av fagforeninga – dersom ein ikkje tilhøyrer ei fagforening vert det sjølvsagt noko vanskelegare å nå opp her.

Kva skjer vidare?

Det vi veit, er at det vert gruppetillegg for våre medlemmer. Kva grupper som vil få, korleis gruppene vert avgrensa og korleis potten blir fordelt mellom ulike grupper, veit vi ikkje. Det er dette som vil bli fastlagt i forhandlingane og bli kunngjort når desse er ferdige.

Vi veit heller ikkje korleis det andre tariffområdet vil fordela pengar mellom generelle tillegg og individuelle tillegg. Dei vi veit, er at det no vil vera opp til lokale partar å ivareta lønnsutviklinga for store grupper i universitets- og høgskulesektoren: alle medlemmer av Unio, foreningene i Akademikerne og uorganiserte. Dette vil opplagt føra til skilnader mellom institusjonane når det gjeld avlønning av tilsette, ettersom institusjonane har ulike tradisjonar og praksisar når det gjeld prioritering av fordeling og belønning.

Dersom det vert gitt eit lågare generelt tillegg lokalt i tariffområdet til Unio, Akademikerne og uorganiserte enn det NTL sine medlemmer har fått sentralt, vil også skilnadane i lønn mellom tilsette bli større ettersom ikkje alle vil få individuelle tillegg i lokale forhandlingar.

___
Oppdatering 26/8-2022:

Det vil i år ikkje bli individuelle forhandlingar om lønstillegg i vårt tariffområde (LO og YS). Midlane som er sett av til lønstillegg lokalt vil utelukkande bli brukt på gruppemessige tillegg. Dei tre partane i tariffområdet, dvs arbeidsgjevar, NTL og Parat har i førebuande møte vorte samde om å bruka midlane på denne måten.

 

Det vil altså bli lokale forhandlingar, men ikkje på individnivå – vi skal difor ikkje ha inn lønnskrav begrunna av den einskilde. Når sjølve forhandlingane skal gjennomførast, vil dei dreia seg om kva grupper som skal få eller ikkje få tillegg og korleis desse gruppene skal definerast. NB! Det vil likevel vera anledning til å fremma krav om endring av stillingskode. Vi kjem tilbake med informasjon om dette.

 

I årets oppgjer var det satt av tilsvarande noko over 4000, – pr årsverk i vårt tariffområde til lokale forhandlingar. Dette tyder at ein kunne gjeve ca annakvar tilsett eitt lønstrinn – og om nokon skulle fått meir enn dette, ville desto fleire ikkje kunne få noko. Individuelle forhandlingar tek også mykje tid siden alle tilsette då må vurderast av fagforeningar så vel som arbeidsgjevar. Partane har difor landa på utelukkande gruppemessige lønnstillegg i år.

 

Vi veit at det er mange av dykk som ville hatt gode argument for solide lønsauker i år, pga stor arbeidsinnsats, nye arbeidsoppgåver, at ein har fått kollegaer som tjener betre enn ein sjølv osv. I år blir likevel ikkje året ein kan få uttelling for dette i ordinære lokale forhandlingar. Dersom folk har hatt vesentlege endringar av innhald og nivå i arbeidsoppgåvene eller har gjort ein ekstraordinær innsats, kan ein søka lønsendring etter § 2.5.3 i Hovudtariffavtalen – kontakt oss dersom du meiner dette kan vera aktuelt for deg.

 

Som fagforening er vi ein kollektiv organisasjon, og vi har som oppgåve å arbeida for å ivareta alle medlemmene sine interesser. Vi står i ein spesiell situasjon i år, der prisveksten stadig aukar, ikkje minst på basisvarer som mat og straum og der rentenivået stadig er på veg opp. Det sentrale lønsoppgjeret fann stad før prisveksten tok av, og mange vil difor få ein nedgang i reallønna i år – der pengesummen ein får utbetalt aukar, men mengden ting du kan kjøpa for pengane minkar.

 

Vi vurderer det difor slik at det å gjennomføra gruppemessige tillegg i år er det verkemiddelet der vi best kan sørga for at flest mogeleg av våre medlemmer vert ivaretatt når det gjeld lønstillegg. Korleis innretninga på desse tillegga vert, er jo det som no vert tema i forhandlingane. Men vi kan lova at vi vil kjempa for tillegg som så langt som mogeleg ivaretek medlemmenes interesser og vår tariffpolitikk der det er ei målsetting å over tid betra kjøpekrafta for flest mogeleg medlemmer mest mogeleg.

 

Som tidlegare nemnd, har alle i vårt tariffområde allereie fått 10 000 – 20 000 kroner i lønstillegg, sjølv om dette enno ikkje er lagt inn i lønssystemet. Alle vil få dette etterbetalt med verknad frå 01 mai når DFØ får lagt det inn i systema sine. Lokale gruppetillegg vil då koma i tillegg til dette for dei som får det. Det endelege resultatet for den enkelte si løn vil dermed ikkje vera klart før etter at lønsforhandlingane er over.

 

Sjå https://ntl.w.uib.no/2022/06/22/kva-tyder-lonsoppgjeret-for-deg/

Kontakt elles NTL- kontoret om du har spørsmål ntl@uib.no

 

 

 

 

3 kommentarer til “Kva tyder lønsoppgjeret for deg?”

  1. Hei. Det er dei same stilingane som hadde lønsrammer som no fekk lønnstigar. NTL prøvde å få fleire stillingar inn på stigane, men lukkast ikkje i denne omgang. Hovudtariffavtalen i staten har ein oversikt frå side 38 her: https://www.regjeringen.no/contentassets/43efadcb4e394a5fa57176b00f7b07ea/2022/hovedtariffavtalen_2022-24_hovedoppgjor_lostat_ysstat_m_innh.pdf som seier om ei stilling er på lønsstige og kva stige (kort/lang) det evt er.

    Jørgen Melve

  2. Synes oppgjøret var fryktelig dårlig sammenlignet med f.eks Oslo. Bra med lavtlønnsprofil, men ellers fryktelig skuffende for de som er litt «på midten» lønnsmessig. Håper vi får utjevnet det noe i den potten som er igjen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *