Hopp til innholdet

Lønn for stipendiater

Stipendiatlønn for NTL-medlemmer

Etter dei siste endringane med to hovedtariffavtalar har systema for lønnsutvikling for stipendiatar vorte nokså ulike. Ei systemendring gjer at alle stipendiatar no vil få garantert lønsauke uttrykt som 3% tillegg av lønna ved ansiennitetsopprykk i staden for å få auka lønstrinnet sitt kvart år.

Kort fortalt vil stipendiatar som er medlem i NTL få sikra ei lønsutvikling gjennom sentrale lønnsforhandlingar, noko som ikkje er sikra for andre stipendiatar.  Konkret gjev dette seg utslag slik:

Dersom du er stipendiat og NTL-medlem vart verdien av lønstrinnet du får heva med 10 000 kroner frå og med 01 mai 2022. Den automatiske lønsauken du får som stipendiat er no ei 3% auke årleg som kjem i tillegg til denne auken. Dersom du t.d. begynte som stipendiat 01.06.2021 blei du tilsett i lønstrinn 54, som då var 491 200. Etter endringane i vår avtale 01 mai 2022, vart verdien av dette lønstrinnet heva til 501 200. Neste ansiennitetsopprykk vil gje deg 3% av denne summen i lønstillegg, dvs 15 036 kroner i lønsauke i lønstrinn 54, slik at du tjener 516 236 totalt frå og med 01.06 2022. Ved neste sentrale lønsoppgjer vil du få det som vert den nye (auka) verdien av lønstrinn 55 før du får ein ytterlegare auke på 3% av denne ved neste ansiennitetsopprykk. Ver obs på at løna vil framstå som lønstrinn 55 + eit kronetillegg på lønsslippen, siden du ikkje heilt når opp til lønstrinn 56.

Dersom ein ser for seg at alle lønsforhandlingar dei neste åra får same resultat som i år, vil dermed løna utvikla seg slik for stipendiatar i NTL:

Juni 2021: 491 200

Juni 2022: 516 236

Juni 2023: 542 023

Juni 2024: 568 524

Til samanlikning vil lønsauken for stipendiatar som er uorganiserte, med i Forskerforbundet eller ei av foreningane i akademikerne utover dei 3% som kjem automatisk vera avhengig av kva ein avtaler lokalt siden dei ikkje har nokon sentrale tillegg. Dersom ein t.d gjev alle 1,3% generelt tillegg, slik det vert gjort på UiB  i år (jfr utsagn frå Forskerforbundet på Uib, referert eit stykke ned i denne saka: https://www.forskerforum.no/denne-hoyskolen-vil-ikke-gi-lonnsokning-til-lektorer-under-50-ar/ )vil det resultera ei ei løn på 479 568 før du får automatisk lønsauke 01 juni, og etter 3% auke tjener du då 512 513 kroner. Dersom eit slikt resultat skulle gjenta seg i åra framover vil løna utvikla seg slik:

Juni 2021: 491 200

Juni 2022: 512 513

Juni 2023: 534 751

Juni 2024: 557 954

Etter å ha starta frå eit likt utgangspunkt, vil altså stipendiatar i NTL i snitt tjena 7 000 kroner meir kvart år frå år to av stipendperioden dersom årets oppgjer gjentek seg i åra framover.