Kategori: Medlemsmøter

Årsmøte 2019 – innkalling og sakspapir

Årsmøtet i NTL UiB vert helde Onsdag 6. mars. Vi begynner kl. 14.30 i Kantinen, Sydnesplassen 9 (Sydneshaugen skole), 2. et. med mat, og held fram med ordinære årsmøtesaker etter dette (frå rundt 1530).

Sjølve årsmøtet vert halde i Auditorium D, Sydneshaugen skole. Det vert utdeling av hedersteikn til medlemmer med 25 og 40 års medlemskap i NTL/LO i tillegg til handsaming av årsmøtesakene.

Sakspapira kan lesast her: http://ntl.w.uib.no/arsberetning-2018-rev/

Innstillinga frå valkomiteen er også no klar: http://ntl.w.uib.no/files/2019/03/NTL-Valg-2019-2.pdf

Av omsyn til matservering ønsker vi at folk melder seg på innan 04 mars. Det kan du gjera her: https://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=6269959

 

 

Årsmøte 2017 – sakspapir og påmelding

NTL held årsmøtet sitt onsdag 22.02 kl 1430 i Administrasjonskantina – Christies gate 18. Innleiing ved leiar Jørgen Melve, matservering, hedring av medlemmer med 25 og 40 års medlemskap, deretter vanlege årsmøtesaker.

Alle sakspapir kan lesast her: beretning-for-ntl-uib-2016-endelig

Av omsyn til matbestilling, er det fint om folk kan melda seg på innan fredag 17.02.

Påmelding i skjema: https://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=3108377

Vel møtt!

Årsmøte NTL UiB 22. Februar

NTL Universitetet i Bergen kallar inn til årsmøte
‪ONSDAG 22. FEBRUAR 2017 KL. 14:30‬
Kantinen, Christiesgt. 18

Foreløpig dagsorden:

1. Åpning og konstituering. Valg av møteledere,
sekretær og tellekorps
2. Beretning
3. Regnskap
4. Budsjett og arbeidsplan
5. Innkomne forslag
6. Valg
7. Bevilgninger

Forslag til nytt styre sendes til valgkomiteen v/Frode Randal innen ‪1. februar 2017‬:

VALGKOMITEEN
v/Frode Randal
Det psykologiske fakultet
Christiesgt. 13
‪Postboks 7807, 5020 Bergen‬
Frode.Randal@uib.no

Andre forslag som ønskes fremmet på årsmøtet må være NTL-kontoret i hende innen
‪1. februar 2017. Forslagene sendes til:‬

NTL UiB
‪Postboks 7800‬
5020 Bergen

E-post:
ntl@uib.no

Medlemsmøte om «effektiv administrasjon» onsdag 16.03

universitesaulaenibyenmedpil_liten2

Medlemsmøte 16.03  på Cafe Christie – prosjekt «effektiv administrasjon» – korleis vil den vanlege tilsette på UiB merka dette?

 

NTL UiB har medlemsmøte onsdag 16.03 15-1630 på Cafe Christie. «Korleis vil effektivisering av administrasjonen påverka tilsette på UiB?» Prorektor Anne Lise Fimreite og hovudtillitsvald Jørgen Melve innleier. Alle interesserte er hjertelig velkomne. Det vert servert rundstykke, jus, kaffe/te og bollar/kaker.

 

Meld dykk på gjennom Skjemaker her

 

I Universitetsstyremøte i  november 2015 og februar 2016  har ein vedteke å setta i gang eit prosjekt for å effektivisera administrasjonen på UiB. Stortinget har i statsbudsjettet vedteke at alle statlege einingar må effektivisera drifta med 0,6 og 0,7% kvart av dei siste åra og dette vil etter alt å døma halda fram i tida som kjem. UiB vil difor spara inn administrasjonskostnader på ca 75 millionar i 2018. Dette skal først og fremst gjerast gjennom å minka talet på administrativt tilsette.

 

I universitetsstyresakene har ein i liten grad gått inn i korleis dette skal gjerast, kva grupper som skal omfattast av kutta og korleis organisasjonen skal håndtera denne prosessen. Det er imidlertid no nedsett ei brei gruppe som skal styra prosessen, med representantar frå universitetsleiiinga, fakultet, institutt og fagforeningar.

 

Prorektor Anne Lise Fimreite skal leia denne gruppa. Ho kjem på medlemsmøte onsdag 16.mars for å opplysa oss om kva universitetsleiinga har tenkt om prosessen, kvifor vi skal effektivisera og korleis ein tenker seg denne prosessen skal foregå. Leiar i NTL UiB, Jørgen Melve vil snakka om korleis NTL ser på den foreståande prosessen og kva vi som fagforening vil legga vekt på i tida som kjem.

 

Reduksjonen av administrativt tilsette skal takast i form av naturleg avgang. Ingen skal seiast opp, men kanskje nokon må byta arbeidsstad? Kva system skal ein eventuelt ha for dette? Er det slik at stadig færre tilsette skal gjera stadig meir, eller finst det ting vi skal slutta å gjera? Finst det arbeidsoppgåver som er overflødige? Kven reknar ein som administrativt tilsette her?  Desse og andre spørsmål stiller mange seg. Universitetsleiinga svarer, NTL svarer, vi voner de sit att med meir kunnskap om situasjonen etter møtet.

 

Møtet starter kl 15 på cafe Christie med mat og innleiingar. Vi voner på god deltaking og spørsmål og innspel frå medlemmene! Vi reknar med møtet varer til ca 1630.

 

Av omsyn til serveringa treng vi at dei som tenker koma melder seg på, følg lenka over. For litt info om Cafe Christie, les her

 

For styret,

Jørgen Melve

Leiar NTL UiB

Stø kurs og god stemning på årsmøtet i NTL UiB

image

Årsmøtet i NTL UiB vart avhalde onsdag 24.02 i administrasjonskantina. Nestleiar Kjersti Barsok frå NTL hadde tatt turen over fjellet for å opplysa oss om utviklinga i universitets- og høgskulesektoren og det komande lønsoppgjeret i staten. Medlemmene fekk eit godt innblikk i utfordringane vi står framfor, både det som angår sektoren og staten som heilskap.

image

Elles handsama årsmøtet vanlege årsmøtesaker, godkjente årsmelding og rekneskap, vedtok budsjett og arbeidsplan for 2016 og valde nytt styre for foreninga. Leiar og nestleiar vart gjenvalde med akklamasjon, noko som gjer at Jørgen Melve og Berit Storaker no går på sitt femte år som leiarduo for foreninga. Samtlege styremedlemmer som sto på val vart også gjenvalde med akklamasjon. Dette gir stor stabilitet i styret, eit nytt varamedlem kom inn: Anne Torekoven som arbeidar på det juridiske fakultetet på UiB. I tider med mange pågåande omstillingsprosessar kan det vera godt å ha stabilitet hos dei tillitsvalde, så vi står godt rusta til å følga opp alt som er påbegynt og vil bli ferdigstilt i tida som kjem.

Fleire medlemmer med både 25 og 40 års medlemskap fekk også tildelt hedersmerke frå NTL og LO som takk for innsatsen. Det å heidra medlemmer som har vore lenge med i fagforeninga er av dei aller kjekkeste tinga ein kan gjera, uten medlemmer er vi jo ingenting.

image

image

Styret takkar medlemmene for tilliten og voner alle medlemmer vil hjelpa oss med å koma med tilbakemeldingar til oss om ting de ønsker, meiner og lurer på.image

Årsmøte 24.02 kl 1430 -NTLs nestleiar innleier

Det vert årsmøte i NTL UiB/NHH/KHiB onsdag 24.02 frå klokka 1430.

NTL sin nestleiar Kjersti Barsok innleier om situasjonen for Universitets og høgskulesektoren og lønsoppgjeret 2016.

Deretter vert det matservering til alle ca 1515 og sjølve årsmøtesakene vert handsama frå 1545 og utover.

For fullstendige sakspapir, følg lenka: Beretning 2015

For påmelding, bruk https://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=1872863

 

 

NTL-logo3

Nytt styre vald i NTL UiB

Årsmøtet i NTL UiB vart halde i administrasjonskantina torsdag 05 mars. Årsmøtet handsama vanlege årsmøtesaker og valde nytt styre. Leiinga vart gjenvald, og alle styremedlemmer som ønska gjenval vart gjenvalde. Nytt styremedlem er Marit Stubdal frå Institutt for klinisk odontologi. Etter dette ser styret slik ut:

 

Leiar Jørgen Melve Førstekonsulent, SV-fakultetet

Nestleiar Berit Storaker Konsulent, Inst. for geovitenskap,
MN-fakultetet

Sekretær Jan A. Johansen Seniorkonsulent, Inst. for fremmedspråk, HF

Kasserer Unni K. Utvik Seniorrådgiver, Sekretariatet, HF

 

Styremedlemmer

Arild Mellesdal Rådgiver, Det psykologiske fakultet

Mona Grindheim Matre Seniorkonsulent, POA

Morten-Christian Bernson Senioringeniør, IT-avdelingen

Benedicte Svardal Seniorkonsulent, Studieadministrativ
avdeling

Marit Stubdal, Konsulent, Institutt for klinisk odontologi, MOF

 

Varamedlemmer

Torolf Mykjebust, Seksjon for opptak, NHH

Hilde Wedvich Førstekonsulent, Det psykologiske fakultetsbibliotek, UB

Sigrun Stefnisdottir, Førstekonsulent, Studieadministrativ avdeling.

NTL Ung starter opp i april

NTL sitt landsmøte vedtok i november å oppretta NTL Ung som eige organisasjonsledd for å samla arbeidet med unge arbeidstakarar og studentar. 28-30 april skal organisasjonen stiftast på NTL Ung- konferansen.

 

NTL UiB har rett til å stilla med to delegatar på denne samlinga, og vi er difor interesserte i at dei som kan tenka seg å vera aktive i denne organisasjonen melder si interesse. (Vi kan også senda fleire, men då utan stemmerett.) Det vil verta halde eit møte rundt midten av mars der medlemmene som er under 35 sjølve vel delegatane til konferansen, detaljar om tid og stad kjem seinare.

 

Er du under 35 og kan tenka deg å reisa på NTL Ung-konferansen som delegat? Send ein epost til ntl@uib.no og meld di interesse! Vi kjem tilbake med fleire praktiske opplysningar seinare. For meir informasjon om konferansen og NTL Ung, sjå http://www.ntl.no/ikbViewer/page/nyheter?p_document_id=126896

 

 

The General Assembly of NTL decided in November to establish NTL Ung (NTL Young) as a separate organizational unit for young employees and students. The founding conference of NTL Ung takes place April 28-30th.

 

NTL UiB can send two delegates to this conference, and we need those who are interested in being active in NTL Ung to state their interest to us. . (We can send more participants without voting rights at the conference.)There will be a meeting mid-March where members under 35 gather to elect our delegates to the conference, details on date and time will be announced later.

 

Are you under 35 and interested in going to the NTL Ung- conference? Send an email to ntl@uib.no and tell us! We will give more practical details later. For more information on the conference and NTL Ung, see http://www.ntl.no/ikbViewer/page/nyheter?p_document_id=126896 (in Norwegian only).