Hopp til innholdet

Stø kurs og god stemning på årsmøtet i NTL UiB

image

Årsmøtet i NTL UiB vart avhalde onsdag 24.02 i administrasjonskantina. Nestleiar Kjersti Barsok frå NTL hadde tatt turen over fjellet for å opplysa oss om utviklinga i universitets- og høgskulesektoren og det komande lønsoppgjeret i staten. Medlemmene fekk eit godt innblikk i utfordringane vi står framfor, både det som angår sektoren og staten som heilskap.

image

Elles handsama årsmøtet vanlege årsmøtesaker, godkjente årsmelding og rekneskap, vedtok budsjett og arbeidsplan for 2016 og valde nytt styre for foreninga. Leiar og nestleiar vart gjenvalde med akklamasjon, noko som gjer at Jørgen Melve og Berit Storaker no går på sitt femte år som leiarduo for foreninga. Samtlege styremedlemmer som sto på val vart også gjenvalde med akklamasjon. Dette gir stor stabilitet i styret, eit nytt varamedlem kom inn: Anne Torekoven som arbeidar på det juridiske fakultetet på UiB. I tider med mange pågåande omstillingsprosessar kan det vera godt å ha stabilitet hos dei tillitsvalde, så vi står godt rusta til å følga opp alt som er påbegynt og vil bli ferdigstilt i tida som kjem.

Fleire medlemmer med både 25 og 40 års medlemskap fekk også tildelt hedersmerke frå NTL og LO som takk for innsatsen. Det å heidra medlemmer som har vore lenge med i fagforeninga er av dei aller kjekkeste tinga ein kan gjera, uten medlemmer er vi jo ingenting.

image

image

Styret takkar medlemmene for tilliten og voner alle medlemmer vil hjelpa oss med å koma med tilbakemeldingar til oss om ting de ønsker, meiner og lurer på.image

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *