Hopp til innholdet

Lokale lønnsforhandlinger 2022 – Resultat

Dei lokale lønsforhandlingane er no ferdige. I vårt tariffområde var det reine gruppemessige tillegg, dvs at alle tillegg er gitt til grupper av tilsette ut frå kriteriar vi har vorte samde med arbeidsgjevar og YS om. Vi har vektlagt sterkt å gje flest mogeleg tilsette ei lønsutvikling over tid som minst held tritt med prisstiginga. Dårleg lønsutvikling siste fem år er difor ein vesentleg faktor for lønstillegga, men fleire bestemte stillingskodar har også fått ein lønsauke, nokon har fått auka løn til nye minsteløner og nokon har fått tillegg siden dei ligg lågt i sin stillingskode og har lang fartstid.

502 av ca 860 tilsette som er medlemmer i LO og YS har fått lokale lønstillegg i dette oppgjeret. Kriteriane for kven som har fått og ikkje ligg i protokollen. Det er imidlertid viktig å hugsa at alle i LO og YS har fått minst 10 000 eller 1,7% auke i løna i dei sentrale forhandlingane, så alle har fått noko lønsauke.

Heile oversikten over kva kriteriar som ligg til grunn for lønauke kan lesast i protokollen under:

Vi kjem til å trykka opp ein samla oversikt over heile lønsoppgjeret og kva tillegg den einskilde har fått som vi sender ut til alle medlemmer.  Denne vil omfatta både LO/YS sitt tariffområde og Unio/akademikerne/uorganiserte. Pga omfanget tek dette noko tid, men den vil koma i løpet av nokre veker.

 

Her kan du se protokoll fra lokale forhandlinger etter HTA pkt. 2.5.1 2022 – LO Stat og YS Stat

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *