Hopp til innholdet

Lokale lønsforhandlingar ved UiB 2022

Det vil i år ikkje bli individuelle forhandlingar om lønstillegg i vårt tariffområde på UiB (LO og YS). Midlane som er sett av til lønstillegg lokalt vil utelukkande bli brukt på gruppemessige tillegg. Dei tre partane i tariffområdet, dvs arbeidsgjevar, NTL og Parat har i førebuande møte vorte samde om å bruka midlane på denne måten.

Det vil altså bli lokale forhandlingar, men ikkje på individnivå – vi skal difor ikkje ha inn lønnskrav begrunna av den einskilde. Når sjølve forhandlingane skal gjennomførast, vil dei dreia seg om kva grupper som skal få eller ikkje få tillegg og korleis desse gruppene skal definerast. NB! Det vil likevel vera anledning til å fremma krav om endring av stillingskode. Vi kjem tilbake med informasjon om dette.

I årets oppgjer var det satt av tilsvarande noko over 4000, – pr årsverk i vårt tariffområde til lokale forhandlingar. Dette tyder at ein kunne gjeve ca annakvar tilsett eitt lønstrinn – og om nokon skulle fått meir enn dette, ville desto fleire ikkje kunne få noko. Individuelle forhandlingar tek også mykje tid siden alle tilsette då må vurderast av fagforeningar så vel som arbeidsgjevar. Partane har difor landa på utelukkande gruppemessige lønnstillegg i år.

Vi veit at det er mange av dykk som ville hatt gode argument for solide lønsauker i år, pga stor arbeidsinnsats, nye arbeidsoppgåver, at ein har fått kollegaer som tjener betre enn ein sjølv osv. I år blir likevel ikkje året ein kan få uttelling for dette i ordinære lokale forhandlingar. Dersom folk har hatt vesentlege endringar av innhald og nivå i arbeidsoppgåvene eller har gjort ein ekstraordinær innsats, kan ein søka lønsendring etter § 2.5.3 i Hovudtariffavtalen – kontakt oss dersom du meiner dette kan vera aktuelt for deg.

Som fagforening er vi ein kollektiv organisasjon, og vi har som oppgåve å arbeida for å ivareta alle medlemmene sine interesser. Vi står i ein spesiell situasjon i år, der prisveksten stadig aukar, ikkje minst på basisvarer som mat og straum og der rentenivået stadig er på veg opp. Det sentrale lønsoppgjeret fann stad før prisveksten tok av, og mange vil difor få ein nedgang i reallønna i år – der pengesummen ein får utbetalt aukar, men mengden ting du kan kjøpa for pengane minkar.

Vi vurderer det difor slik at det å gjennomføra gruppemessige tillegg i år er det verkemiddelet der vi best kan sørga for at flest mogeleg av våre medlemmer vert ivaretatt når det gjeld lønstillegg. Korleis innretninga på desse tillegga vert, er jo det som no vert tema i forhandlingane. Men vi kan lova at vi vil kjempa for tillegg som så langt som mogeleg ivaretek medlemmenes interesser og vår tariffpolitikk der det er ei målsetting å over tid betra kjøpekrafta for flest mogeleg medlemmer mest mogeleg.

Som tidlegare nemnd, har alle i vårt tariffområde allereie fått 10 000 – 20 000 kroner i lønstillegg, sjølv om dette enno ikkje er lagt inn i lønssystemet. Alle vil få dette etterbetalt med verknad frå 01 mai når DFØ får lagt det inn i systema sine. Lokale gruppetillegg vil då koma i tillegg til dette for dei som får det. Det endelege resultatet for den enkelte si løn vil dermed ikkje vera klart før etter at lønsforhandlingane er over.

Sjå https://ntl.w.uib.no/2022/06/22/kva-tyder-lonsoppgjeret-for-deg/
Kontakt elles NTL- kontoret om du har spørsmål ntl@uib.no

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *