Hopp til innholdet

NTL UiB tilrår ja til ny offentleg pensjonsordning.

Styret i NTL UiB har i møte 03.05 handsama spørsmålet om kva vi skal råda medlemmene til å stemma i uravstemninga om ny pensjonsordning for offentleg tilsette og råder medlemmene til å stemma ja til det framforhandla forslaget.

Eit samstemt styre vil understreka at vår viktigaste tilråding til alle medlemmer er å delta i avstemminga. Det at medlemmer gjer seg opp si eiga meining om det foreliggande forslaget har ein eigenverdi og gjer at resultatet vil vera demokratisk fundert.

Det finst etter vårt syn gode argument for og mot den foreslåtte ordninga. Korleis pensjonane for offentleg tilsette vert er av stor betydning for tilsette som gjennomgåande arbeider under lønnsvilkår som er dårlegare enn ein kunne fått andre stader. Våre medlemmer har vald å arbeida i staten ikkje berre av di dei ønsker å bidra til fellesskapets beste gjennom å via yrkeskarrieren sin til det beste for samfunnet, men også av di staten har framstått som ein trygg arbeidsplass med trygge pensjonsordningar.

Vi er difor sterkt skeptiske til å endra pensjonvilkåra bort frå det som har vore ei sikker ordning for våre medlemmer. Vi konstaterer imidlertid at pensjonsreformen er vedtatt med endringar som gjev negative verknader for våre medlemmer. Det var difor vanskeleg å koma utanom endringar i dei offentlege pensjonsordningane no.

Levealdersjustering er dessverre vedtatt av eit breitt politisk fleirtal og vil få verknad for våre medlemmer dersom vi ikkje får på plass ei ny ordning. Ved å stemma ja til det foreliggande forslaget unngår vi at nokon årskull vert offer for ei sterk nedjustering av forventa pensjonsnivå. Så ønsker NTL UiB å kjempa framover politisk og som ein del av arbeidstakarorganisasjonane for ei betre innretning på alle pensjonar med mindre levealdersjustering for å unngå sosialt uheldige utslag.

Hadde vi sett noko realistisk veg mot eit politisk fleirtal som vil gje oss betre vilkår enn dei foreslåtte, ville vi kunne stemma ned forslaget.

Etter ei samla vurdering er vår tilråding til medlemmane å stemma JA til forslaget til ny pensjonsordning. Dette rådet kjem ikkje av di vi meiner det foreliggande forslaget er veldig godt. Det finst klare taparar i den nye ordninga: dei som må gje seg før 67 vil i mange tilfelle koma veldig dårleg ut. Det gjer oss skeptiske til ordninga. Det er også uavklarte spørsmål om m.a særaldersgrenser og ikkje minst korleis dei som vert uføretrygda før vanleg pensjonsalder kjem ut av den nye ordninga. Det vil bli veldig viktig framover å få på plass tilfredsstillande ordningar for desse.

Likevel ser vi at det klare fleirtalet av våre medlemmer, NTL-medlemmer og statstilsette generelt vil koma heilt greit ut av den nye ordninga.  Vi meiner det tilbodet som har kome er om lag så godt som det ein kunne få til under omstenda. 

Vi trur dessverre ikkje det er realistisk på kort sikt å få noko tilbod frå verken dagens regjering eller andre politiske konstellasjoner som har ei meir sosialt rettferdig innretning. Difor landar vi på eit nyansert, uentusiastisk men tydeleg ja til den foreslåtte pensjonsordninga.

Vi anerkjenner at det finst ulike synspunkt i denne saka, og om nokon ønsker å argumentera for andre syn eller kommentera våre synspunkt er det berre å kommentera på nettsida vår her eller senda innlegg til oss, så vil vi fortløpande publisera også desse.

Helsing styret ved leiar Jørgen Melve

For meir informasjon om forslaget:

Forbundets informasjon om ny tjenestepensjon kan finnast på:

https://medlem.ntl.no/ntl-mener/oftp?p_document_id=132842&p_dimension_id=176720

Her ligg det mange lenker med mykje informasjon om kva ordninga går ut på og korleis den vil slå ut for ulike grupper.  Det er utarbeida typeeksempel – dvs døme på folk med ulike yrkeskarrierar som er typiske for NTL-medlemmene. Det ligg ute gode forklaringar av korleis den nye ordninga fungerer og kvifor desse endringane har kome.  NTL sentralt anbefaler alle medlemmer å stemma ja til den nye ordninga.

Så er det jo slik at det finst grupper som synes den nye ordninga er for dårleg og arbeider for eit nei. Om ein ønsker synpunkta til dei som er kritiske til ordninga, kan ein gå til «Forsvar offentlig pensjon» si nettside http://forsvarpensjon.no/ eller Facebook-side: https://www.facebook.com/Forsvaroffentligpensjon/

Les også t.d. NTL UiO si tilråding til medlemmene der dei anbefaler eit nei til ordninga:

http://foreninger.uio.no/ntl/nyheter/2018/pensjon-i-offentlig-sektor.html

4 kommentarer til “NTL UiB tilrår ja til ny offentleg pensjonsordning.”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *