Stipendiatlønn for NTL-medlemmer
Etter dei siste endringane med to hovedtariffavtalar har systema for lønnsutvikling for stipendiatar vorte nokså ulike.
Alle stipendiatar no vil få garantert lønsauke uttrykt som 3 % tillegg av lønna ved ansiennitetsopprykk i staden for å få auka lønstrinnet sitt kvart år.
Kort fortalt vil stipendiatar som er medlem i NTL få sikra ei lønsutvikling gjennom sentrale lønnsforhandlingar, noko som ikkje er sikra for andre stipendiatar. Konkret gjev dette seg utslag slik:
Frå 1. mai 2023 vart verdien av lønstrinnet ditt heva med 31 000 kroner. Den automatiske lønsauken du får som stipendiat er no ei 3% auke årleg som kjem i tillegg til denne auken.
Starta du som stipendiat i august 2021, vil lønsutviklinga di være omtrent slik, samenligna med dei i den andre avtalen:
Stipendiat i NTL | Stipendiat uorganisert/Unio/Akad | ||||
Dato | Sentrale tillegg | Totalt | Generelt tillegg | Totalt | |
jun.2021 | 491 200 | 491 200 | |||
jun.2022 | 10 000 | 516 236 | 1,3 % | 512 513 | |
jun.2023 | 31 000 | 563 653 | 5,3 % | 555 867 | |
jun.2024 | 11 000 | 591 893 | 2 % | 583 660 |
Ver obs på at løna vil framstå som lønstrinn + eit kronetillegg på lønsslippen, siden du ikkje heilt når opp til neste lønstrinn ved 3 % auke. Nøyaktig beløp vil variere av når du ble ansatt, og når den årlege justeringa skjer.
Resultatet for 2024 er fortsatt usikkert, her har vi teke utgangspunkt i at det sentrale tillegget i NTL/YS-avtalen er 10 000, mens det generelle tillegget i den andre avtalen er på 3 %.
Uansett viser denne oversikten at ein stipendiat som ikkje er hos oss, vil vera avhengig av å få lønsauke i tillegg til dei generelle tillegga for å vere på same nivå som våre stipendiatar. Stipendiatane i Forskerforbundet eller ei av foreningane i akademikerne utover dei 3% som kjem automatisk vera avhengig av kva ein avtaler lokalt siden dei ikkje har nokon sentrale tillegg.