I dei sentrale lønnsforhandlingane blei det brudd mellom LO Stat (NTL og andre LO-forbund) og staten, slik at ein måtte til Riksmeklaren for å verta samde. Akademikerne og Unio hadde då inngått ein avtale med staten om at alle lønnstillegg skulle delast ut lokalt, medan YS (Parat m.fl) blei samde med staten om små sentrale tillegg, resten til lokale forhandlingar. På UiB er uorganiserte omfatta av tariffavtalen til Unio og Akademikerne slik at deira løn vert fastsett av deira forhandlingar.
Fordelinga vart som følger;
Akad/Unio: 3,3% i lokale forhandlingar
YS: 1,05% i sentralt tillegg, 2,7% i lokale forhandlingar
LO: 6600 + 1,5% i sentralt tillegg, 1,35% i lokale forhandlingar.
For våre medlemmer gav dette ein svakt avtakande prosentvis auke i lønn med aukande løn, mellom 2,8% for dei som tjener 500 000 og 2,16% for dei som tjener 1 mill. NTL meiner at alle tilsette over tid skal ha lønauke som er høgare enn inflasjonen, slik at ein ikkje reelt går ned i løn over tid. VI vart difor samde med UiB om å gje alle LO-medlemmer eit lokalt generelt tillegg på 0,35% som kjem i tillegg til sentrale tillegga.
UiB har fastsatt minste startlønningar for stillingskodane vi bruker, og i år vart desse auka i forkant av det sentrale oppgjeret. (sjå https://ekstern.filer.uib.no/poa/Lonnspolitikk/Minste%20startl%C3%B8nn%20fra%2001.06.2025.pdf for ein oversikt). Dette førte til at ein del eksisterande tilsette no hadde eit lønsnivå under den nye minste startlønna. Arbeidsgjevar gav dermed eit tilskot til den lokale potten på 4 millionar, som alle fagforeningar var samde om skulle gå til å heva eksisterande tilsette opp til (minst) nivået for nye startløner. Denne potten blei fordelt mellom tariffavtalane etter lønsmasse. SIden våre medlemmer i liten grad tjente under minste startlønn, gav dette oss noko ekstra pengar som vart brukt til individuelle forhandlingar.
Nokon skilnader mellom LO og andre tariffavtalar:
- Våre medlemmer har allereie fått utbetalt sentrale tillegg, slik at det ein får i lokale forhandlingar (som vert utbetalt i desember) berre er ein del av lønstillegga ein har fått i år.
- I vårt tariffområde får dei som sluttar før lønsoppgjeret er ferdig, ikkje lokale tillegg. Hos dei andre er dei som sluttar til og med 31.12 ekskludert frå lokale tillegg.
- Stipendiatar under minste startlønn (dvs tilsett siste året) er heva opp til ny minste startlønn frå 01.05 for LO-medlemmer. I dei andre tariffområda skjer dette ikkje.
Dei andre tariffområda gav generelle tillegg som følger:
Unio/Akademikerne: 2,6% i gruppetillegg til dei som var omfatta av oppgjeret, resten til individuelle forhandlingar.
YS: 1,5% gruppetillegg til dei som var omfatta av oppgjeret, resten til individuelle forhandlingar.
Potten til individuelle forhandlingar var dermed ikkje dramatisk ulik mellom tariffavtalane. I vårt tariffområde la vi vekt på faktorar som å ivareta erfaring, lønsutvikling over tid, samanlikning med likearta stillingar i tillegg til ting som belønning av innsats, endring av arbeidsinnhald m.m. Resultatet vart at ca 55% av dei som er omfatta av oppgjeret har fått individuelle tillegg. På grunn av taushetsplikta kan vi ikkje kommentera innhaldet i forhandlingane eller ting som angår det einskilde medlem. Vi vil seinare i november senda ut ei fullstendig liste over alle tillegg gjeve i forhandlingane i alle tariffavtalane, men dette tek noko tid siden vi må senda denne i papirutgåve.
Det vert ein grundigare gjennomgang av generelle spørsmål om lønsforhandlingane på informasjonmøtet på Teams i tirsdag 4. november, kl 14:Join the meeting now
Meeting ID: 390 148 551 292 62
Passcode: 85xd3QK3
Vi vil også ha medlemsmøte på fleire einingar framover der vi mellom anna snakkar meir om løn og lønsoppgjer.