Hopp til innholdet

Lønnsforhandlingar 2023

Lønnsforhandlingane i staten er fullført. Partane kom til semje fredag ettermiddag utan å involvera Riksmeklaren. Staten har halde seg til totalramma frå frontfaget på totalt 5,2 % Resultatet av oppgjeret er at alle i LO og YS sitt tariffområde har fått sentrale lønstillegg på  31 000,- Dette er gjort ved at verdien av alle lønstrinn er oppjustert med 31 000,- for alle i fulle stillingar, og ein relativ andel etter stillingsprosent for deltidstilsette. Effekten av eit slikt kronetillegg er at alle får like mange kroner meir, men at dei med høg løn får ein mindre prosentvis auke av løna. Fordelen med å justera lønstrinnsverdien slik er at alle som er tilsett får denne lønsauken.

Til orientering er det i det andre tariffområdet (Unio, Akademikerne og uorganiserte) slik at alle lønsmidlar skal fordelast i lokale forhandlngar. Dei vil truleg dela ut ein del av dette som generelle lokale tillegg, men korleis, kor mykje etc er eit forhandlingsspørsmål som partane i den avtalen må bli samde om. Det er difor per no umogleg å seia noko om korleis resultatet på den avtalen vert opp mot korleis ein kjem ut på vår avtale. Det vil ikkje vera klart før lokale forhandlingar er ferdige 31 oktober.

I vårt tariffområde er det satt av 0,85 % av lønsmassen til lokale forhandlingar som skal vera ferdige til 31. oktober. Vi kjem tilbake med informasjon om dette.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *