Hopp til innholdet

NTL mener: Mindre klimautslipp på UiB

NTL UiB vedtok på årsmøtet 6. mars uttalelser om reduksjon av klimautslipp:

1. Universitetet i Bergen som pådrivar til det grønne skiftet.
Årsmøtet i NTL-UiB ser det som svært nødvendig og positivt at Universitetet i Bergen har ein aktiv og tydeleg miljøprofil. UiB er heilt i fremste rekke når det gjeld klimaforsking og har bidratt betydeleg inn i FN sitt klimapanel. Det er derfor veldig naturleg at UiB går i bresjen og viser seg som eit universitet som tar klimautfordringane på det største alvor. NTL ser det som positivt at leiinga ved UiB ønskjer å sjå på reiseverksemda ved UiB og vil tilrå at alle avdelingane ved UiB får tydelege mål på korleis ein kan få ned reiseverksemd, både innanlands og utanlands, som medfører eit større miljøavtrykk. I så måte vil NTL vise til leiinga ved UiO som har bestemt å ikkje lenger legge styreseminar til utlandet. NTL meiner at UiB bør følge UiO sitt eksempel, og at dette også må gjelde for seminar/ekskursjonar på administrative avdelingar,
fakulteta, institutta og sentra på UiB. Å kjøpe klimakvoter til UiB-tilsette er etter NTL si meining derimot ein dårleg måte bruke ressursane til institusjonen på, og vi ber leiinga sjå på andre måtar for å nå målet om å vere klimanøytrale innan 2030.

2. NTL må feie for eiga dør når det gjeld klimaavtrykk.
På samme måte som klimatrusselen utfordrar UiB som institusjon blir også NTL som ei ansvarleg fagforeining med eit sterkt engasjement for klima nøydd til å sjå med eit kritisk blikk på eiga verksemd og kva denne medfører av karbonbruk. NTL UiB vil difor ikkje arrangera styreseminar, medlemskurs eller liknande som inneber flyreiser innanlands eller utanlands for deltakarane dersom det ikkje er ein konkret
samanheng mellom læringsmål og reisemål. Styreseminar og medlemskurs som inneber bruk av fly vil maksimalt skje anna kvart år for kvart av arrangementa. NTL UiB skal tilstreba at alle reiser foreninga betaler vert gjennomført så klimavennleg som mogeleg. Vi vil alltid vurdera om reiser kan erstattast av videokonferanse eller andre slike løysingar.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *