Hopp til innholdet

Lokale lønsforhandlingar 2018

Til alle NTL-medlemmer.

Som tidlegare informert om, gav lønsoppgjeret i år sentrale tillegg på 1,25% til alle, og minst 5100 i form av heving av lønnstrinna. Det vart også sett av 1,9% av lønsmassen til lokale forhandlingar med verknad frå 01.07.18. Interesserte kan lesa meir om tariffoppgjeret på https://www.ntl.no/nyheter?p_document_id=195389

Dei lokale lønsforhandlingane vil finna stad i september/oktober. Den nøyaktige tidsplanen er enno ikkje klar, siden vi ikkje rakk så mange møte med arbeidsgjevar før sommaren. Det er imidlertid klart at det vil verta ein form for individuelle tillegg til arbeidstakarane i form av lønstrinn. Vi inviterer difor alle til å fremma krav om endring i løn og/eller stillingstittel.

Vi held eit informasjonmøte om lokale forhandlingar 20 august kl 1430 i gamle administrasjonskantina, Christies gt 18, 4 etasje. Her informerer vi meir i detalj om lønsoppgjeret, kriteriar som ligg til grunn for handsaming av søknader om lønstillegg og prosessen vidare.

Meld dykk på her: https://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=5290306

Som elles; den lokale lønspolitikken http://ekstern.filer.uib.no/poa/Lonnspolitikk/Lonnspolitisk%20dokument.pdf ligg til grunn i forhandlingane og ein bør argumentera ut frå kriteriane som er nemnde der. Sjå særleg punkt 6.3.

For teknisk og administrativt tilsette med ønske om endring av stillingskode, sjå også http://ekstern.filer.uib.no/poa/Lonnspolitikk/Stillingsstruktur_28.04.16.pdf for oversikt overansvarsområde for ulike stillingstypar.

For innsending av søknad om lønstillegg og/eller endring i stillingskode bruk: Kravskjema 2018. Skriv gjerne rett i skjemaet og send pr epost.

Krav sendes innen 27. august til ntl@uib.no

Merk: NTL sender ikkje kravet ditt vidare slik du skriv det sjølv, vi formidlar kravet om lønstrinn og/eller tittelendring, men grunngjevingane dine vert bere sett av NTL sine forhandlarar og er grunnlaget for korleis vi argumenterer.

Dersom du har store endringar i arbeidsoppgåver kan 2.5.3-forhandlingar (det som tidlegare vart kalla 2.3.4 – grunnlag for endring av løn utanom vanlege lokale forhandlingar) vera eit alternativ. Angi i såfall dette i skjemaet om du meiner det er grunnlag for det.

Vennleg helsing

Jørgen Melve, leiar NTL UiB

Morten-Christian Bernson, nestleiar NTL UiB

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *