Hopp til innholdet

Oppdatering om lønsoppgjeret på UiB

Til alle medlemmer i NTL UiB.

Som de har fått med dykk, har de i år fått langt mindre informasjon om lønsoppgjeret enn det som er vanleg. Grunnen er både at det har teke tid å få avklaringar frå staten sentralt og at vi på UiB har hatt ein lengre prosess mellom fagforeningane og arbeidsgjevar for å verta samde om form og innretning på oppgjeret.

Etter seks (!) førebuande møte har vi no landa ei innretning på oppgjeret og er i ferd med å få på plass ein tidsplan.

Innretninga er som følger:

Arbeidsgjevar har tilført potten 2 millionar kroner, derav 1,641 million til vårt tariffområde (LO; UNIO; YS og uorganiserte). UiB har altså valgt å legga til pengar til oppgjeret i tillegg til den potten staten sentralt har bestemt vi skal bruka ut frå lønsmassen.

Alle stipendiatar og postdoktorar får eit prosentvis tillegg i løna. Førebels er dette sett til 0,7%, men dette må endeleg fastsettast i forhandlingane. Dette er for å hindra for stor reallønnsnedgang for denne gruppa.

Potten for vitskapleg tilsette (inkludert postdoktorar og stipendiatar) vert 9,7 millionar. Ut over avsetninga til rekrutteringsstillingane, skal denne fordelast på ordinær måte i lokale forhandlingar.

Potten for teknisk/administrativt tilsette er 5,65 millionar. Av desse er 599 000,- satt av til lågtløna. Kven som vil verta omfatta av denne potten, er gjenstand for forhandlingar. Vi vil fremma krav til arbeidsgjevar om korleis denne potten skal brukast. Resten av potten, ca 5 millionar vil verta fordelt på ordinær måte i lokale forhandlingar.

For alle som vert omhandla av individuelle forhandlingar, er det semje mellom arbeidsgjevar og alle organisasjonane om at normalen skal vera eitt lønstrinn, slik at flest mogeleg kan få ei lønsutvikling.

For NTL har det vore viktig å få til eit element av omfordeling i oppgjeret. Situasjonen med låge sentrale tillegg dei siste åra, har gjort at dei som ikkje får lokale tillegg, kjem dårleg ut. I våre lokale forhandlingar dei siste åra, har tilsette med lønningar over snittet fått meir enn sin andel av tillegga. Effekten av dette har vore at mange med låge lønningar har gått ned i realløn. I år har vi difor fått gjennomslag for ein låglønspott. Det er verre å ikkje få lønstillegg mens prisane stig når ein tjener lite enn når ein har meir å rutta med, så denne gongen vil vi prioritera nokon av dei lågast løna på UiB med denne potten.

Med dei avgrensa midlane som finst i årets oppgjer, vil vi måtte velga nokon grupper av lågtløna som vil få dette tillegget. Vi må forhandla om arbeidsgjevar om kven dette skal vera, så det gjenstår å sjå resultatet av dette. Det er imidlertid viktig for oss at vi har fått gjennomslag for prinsippet om eit lokalt oppgjer som har eit element av trygging av dei lågast løna.

Kort oppsummert: det vert prosentvise tillegg til stipendiatar og postdoktorar, det vert ein lågtlønspott som skal fordelast etter forhandlingar, og resten av fordelinga og opplegget er som vanleg, men vi vil spreia tillegg ut over mange tilsette. Vi vil no på normal måte forhandla for alle våre medlemmer som har levert inn krav om tillegg på individuell basis.

Oppgjeret vil verta forseinka i høve til fristen med å vera ferdig 31 oktober, og truleg verta ferdigstilt i midten av november.

Har de spørsmål om innretninga på oppgjeret og kva dette tyder for deg, kontakt oss:

ntl@uib.no

Vennleg helsing
Jørgen Melve,
Leiar NTL UiB

Berit Storaker
Nestleiar NTL UiB

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *