Lokale forhandlingar 2017

Til alle NTL-medlemmer.

Lønsoppgjeret i år gav som resultat at det vart gjeve sentrale tillegg på 0,33% med verknad frå 01 mai. Det vart også sett av 0,8% til lokale forhandlingar med verknad frå 01.07.17

Beklagelegvis var Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som har arbeidsgjevaransvaret i staten, seine med informasjon til statlege einingar om korleis lønsoppgjeret skal forståast og kva potten vert.

Vi er difor forseinka i våre førebuingar til haustens lokale forhandlingar. Normalt ville vi på dette tidspunktet hatt oversikt over pott og prosedyrar som avtalt i førebuande møte. Det har vi enno ikkje heilt på plass. Men vi kan seia at det kjem til å verta lokale forhandlingar i år og bed medlemmer senda inn sine krav.

Vanlegvis ønsker vi å ha ein felles frist med dei andre organisasjonane for å unngå forvirring. I år blei denne sett til 18 august. Vi ser no at vi har betre tid, så vi vil ha inn alle søknader innan 30 august!
Alle som allereie har sendt inn søknader, vil motta stadfestingar på at søknaden har kome oss i hende utover neste veke, når sekretæren er tilbake frå ferie.

Som elles; den lokale lønspolitikken http://ekstern.filer.uib.no/poa/Lonnspolitikk/Lonnspolitisk%20dokument.pdf ligg til grunn i forhandlingane og ein bør argumentera ut frå kriteriane som er nemnde der. Sjå særleg punkt 6.3.

For teknisk og administrativt tilsette med ønske om endring av stillingskode, sjå også http://ekstern.filer.uib.no/poa/Lonnspolitikk/Stillingsstruktur_28.04.16.pdf for oversikt over definisjonar av og ansvarsområde for ulike stillingstypar.

Bruk kravskjema http://ntl.w.uib.no/files/2017/06/Kravskjema-2017.docx

Merk: NTL sender ikkje kravet ditt vidare slik du skriv det sjølv, vi formidlar kravet om lønstrinn og/eller tittelendring, men grunngjevingane dine vert berre sett av NTL sine forhandlarar og er grunnlaget for korleis vi argumenterer.

Dersom du har store endringar i arbeidsoppgåver kan 2.5.3-forhandlingar (det som tidlegare vart kalla 2.3.4 – grunnlag for endring av løn utanom vanlege lokale forhandlingar) vera eit alternativ. Angi i såfall dette i skjemaet om du meiner det er grunnlag for det, så vil vi vurdera dette.

Har du spørsmål? kontakt då ntl@uib.no

Jørgen Melve, leiar NTL UiB

Berit Storaker, nestleiar NTL UiB

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*