Hopp til innholdet

Lønsoppgjeret i staten er klart.

Noko overraskande kom lønsoppgjeret i staten i mål natt til 01 mai. Staten hadde i sine krav ønska å endra heile lønssystemet i staten, noko som gjorde det krevande å forhandla sjølv om dette var eit mellomoppgjør, der ein normalt berre endrar løn. I tillegg ønska staten at all lønsvekst skulle skje gjennom lokale tillegg. Ulempa med dette er at ikkje alle får tillegg lokalt, og dei som ikkje får, går i ein slik situasjon reelt ned i løn.

Det positive i årets oppgjer er at staten ikkje vann fram med si ønska rasering av lønssystemet i staten, noko som ville ført til individbasert løn fastsett i lokale forhandlingar. Det er også positivt at det vart gjeve nokon sentrale tillegg, slik at alle får noko lønsvekst. Det negative er at ein for stor andel av tillegga vert gjeve som lokale tillegg og at det generelt er for små tillegg (men det skuldast at ramma vert laga i dei sokalla frontfaga)

Lønsoppgjeret i staten har ei ramme på 2,4% på linje med det ein reknar med vert den generelle lønsveksten i Norge i år. Løna du får i år, er imidlertid automatisk høgare på årsbasis enn det du fekk i fjor. Grunnen er at lønstillegg gitt i fjor med verknad frå ca midt i året, gjeld gjennom heile året i år, slik at 2017-løn uansett blir større enn 2016-løn. Denne effekten kallar ein overheng, og dette er større i staten enn i andre sektorar pga at vi får våre lønstillegg seinare på året enn mange andre. Dermed vert det mindre nye pengar å dela ut i staten i år.

LO (som omfattar NTL og andre forbund i staten), Unio (Forskerforbundet m.fl) og YS (Parat m.fl) vart til sist samde med staten om eit oppgjer der det vert gjeve noko sentrale tillegg – 0,33% lønstillegg med verknad frå 01 mai, samt ekstra lønstrinn til alle i lønsrammene 2, 3 og 4 får eit ekstra lønstrinn. Det vert lokale forhandlingar med ein pott på 0,8% av lønsmassen med verkedato 01 juli. Desse forhandlingane skal vera avslutta innan 31 oktober i år.

Endringane staten ønska i lønssystemet, som gjekk ut på å avskaffa og slå saman mange stillingskodar til nokon få titlar med generelt lågare minstelønn enn i dag, samt avskaffa lønstrinna og lønsrammene, vart det altså ikkje noko av. Ein skal sjå på dette i neste hovudoppgjer. Sjølv om det kan vera fornuftig å redusera antal titlar noko og gjera lønssystemet meir forståeleg, er det mange omsyn som er tatt når ein laga systemet, så det er viktig å bruka tid på endringar for å unngå uønska utslag, som tap av framtidig lønsvekst.

Akademikerne har i år fått lokale tilegg på 0,85% av lønsmassen deira med verknad frå 01 oktober. Desse forhandlingane skal også vera ferdige til 31 oktober. Dei har også avskaffa lønstrinna for sine medlemmer og går over til løn uttrykt i kronebeløp. Akademikerne er i motsetnad til LO, YS og Unio heilt på linje med staten når det gjeld ønsket om all lønsdannelse lokalt og å avskaffa dagens lønssystem og vil difor arbeida vidare i den retninga.

Pga helg har vi i liten grad fått satt oss inn i detaljar i oppgjeret, men det kjem meir informasjon framover.

Første kommentarar frå NTL kan lesast på https://www.ntl.no/nyheter?p_document_id=139180

Frå LO Stat : http://www.lostat.no/forsiden/enighet-i-statsoppgjoret-article2338-6.html

For spesielt interesserte:

Heile protokollen kan lesast på https://www.regjeringen.no/contentassets/867fa3bda2094e4e9bf87579f75c87a6/protokoll_endelig_mellomoppgjoret_2017.pdf

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *