Hopp til innholdet

Godt besøkt medlemsmøte om lokale forhandlingar

Onsdag 24.08 hadde NTL UiB medlemsmøte om lokale forhandlingar 2016. Situasjonen med to Hovudtariffavtalar i staten har skapt ein heilt ny situasjon der det no er to ulike avtaleverk og to ulike forhandlingsløp som skal gjennomførast. Dette gjer at mange føler behov for informasjon om dei lokale forhandlingane i år.

NTL inviterte medlemmene til informasjonsmøte om resultatet av tarifforhandlingene, korleis dei lokale forhandlingane fungerer, kva medlemmer skal gjera i søknadsprosessen og korleis vi handsamar søknadane. Det var særs stor interesse for møtet – vi burde nok ha arrangert meir enn eit møte, men tidsnød pga stort arbeidspress for tillitsvalde førte til at det vart med dette. Administrasjonskantina var fylt av interesserte NTL-medlemer frå alle einingar på UiB, med ulik bakgrunn, stillingstittel og erfaring. Fleire interesserte fekk dessverre ikkje plass på møtet, men vi vil informera alle våre medlemmer som best vi kan i etterkant av møtet.

Leiar Jørgen Melve og nestleiar Berit Storaker la fram informasjon om resultatet av dei sentrale forhandlingane, korleis våre lokale forhandlingar er lagt opp i år, tidsfrister, framgangsmåtar og formalitetar, samt tips og råd om korleis laga ein best mogeleg søknad. Ei lydhøyr forsamling lytta og stilte mange spørsmål som tyda på stort engasjement i saka. Det er lenge sidan vi har hatt eit bedre besøkt medlemsmøte, noko av det kan henga saman med den stadige veksten vi har i medlemstal. Uansett er det veldig hyggeleg for tillitsvalde å møta så mange engasjerte medlemmer.

 

image

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *