Hopp til innholdet

Medlemsmøte om «effektiv administrasjon» onsdag 16.03

universitesaulaenibyenmedpil_liten2

Medlemsmøte 16.03  på Cafe Christie – prosjekt «effektiv administrasjon» – korleis vil den vanlege tilsette på UiB merka dette?

 

NTL UiB har medlemsmøte onsdag 16.03 15-1630 på Cafe Christie. «Korleis vil effektivisering av administrasjonen påverka tilsette på UiB?» Prorektor Anne Lise Fimreite og hovudtillitsvald Jørgen Melve innleier. Alle interesserte er hjertelig velkomne. Det vert servert rundstykke, jus, kaffe/te og bollar/kaker.

 

Meld dykk på gjennom Skjemaker her

 

I Universitetsstyremøte i  november 2015 og februar 2016  har ein vedteke å setta i gang eit prosjekt for å effektivisera administrasjonen på UiB. Stortinget har i statsbudsjettet vedteke at alle statlege einingar må effektivisera drifta med 0,6 og 0,7% kvart av dei siste åra og dette vil etter alt å døma halda fram i tida som kjem. UiB vil difor spara inn administrasjonskostnader på ca 75 millionar i 2018. Dette skal først og fremst gjerast gjennom å minka talet på administrativt tilsette.

 

I universitetsstyresakene har ein i liten grad gått inn i korleis dette skal gjerast, kva grupper som skal omfattast av kutta og korleis organisasjonen skal håndtera denne prosessen. Det er imidlertid no nedsett ei brei gruppe som skal styra prosessen, med representantar frå universitetsleiiinga, fakultet, institutt og fagforeningar.

 

Prorektor Anne Lise Fimreite skal leia denne gruppa. Ho kjem på medlemsmøte onsdag 16.mars for å opplysa oss om kva universitetsleiinga har tenkt om prosessen, kvifor vi skal effektivisera og korleis ein tenker seg denne prosessen skal foregå. Leiar i NTL UiB, Jørgen Melve vil snakka om korleis NTL ser på den foreståande prosessen og kva vi som fagforening vil legga vekt på i tida som kjem.

 

Reduksjonen av administrativt tilsette skal takast i form av naturleg avgang. Ingen skal seiast opp, men kanskje nokon må byta arbeidsstad? Kva system skal ein eventuelt ha for dette? Er det slik at stadig færre tilsette skal gjera stadig meir, eller finst det ting vi skal slutta å gjera? Finst det arbeidsoppgåver som er overflødige? Kven reknar ein som administrativt tilsette her?  Desse og andre spørsmål stiller mange seg. Universitetsleiinga svarer, NTL svarer, vi voner de sit att med meir kunnskap om situasjonen etter møtet.

 

Møtet starter kl 15 på cafe Christie med mat og innleiingar. Vi voner på god deltaking og spørsmål og innspel frå medlemmene! Vi reknar med møtet varer til ca 1630.

 

Av omsyn til serveringa treng vi at dei som tenker koma melder seg på, følg lenka over. For litt info om Cafe Christie, les her

 

For styret,

Jørgen Melve

Leiar NTL UiB

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *