«På Høyden» om effektivisering og NTL sine innspel

Den uavhengige UiB-avisa «På Høyden» laga fleire oppslag i samband med styresaka om «effektivisering i administrasjonen». NTL sine kritiske innspel fekk brei dekning i forkant i ei sak der også Parat langt på veg støtta kritikken. Noko tabloid var overskrifta vinkla mot vår kritikk av ein auke i høgtløna byråkratar tett på makta samstundes som ein vil nedbemanna i byråkratiet generelt.

I etterkant av styremøtet kunne delar av diskusjonen som fann stad i styret lesast om i «På Høyden»

Heile styremøtet vart streama og ligg i opptak på «På Høyden» sine sider – http://pahoyden.no/2015/11/se-styremotet-minutt-minutt Her kan ein m.a høyra heile diskusjonen om effektivisering (i del 1, før lunsj).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*