Den 3 juni inviterte vi medlemene med på årets sommerfest. Denne gongen gjekk turen med båt til Cornelius på holmen ved Bjorøy. Der blei vi møtt av eigaren som foredrog om sitt fargerike liv og levnet som hadde ført fram til etableringa av denne restauranten med sjømat som tema. Så var det tid for bordsete, ein tre retters meny med vekt på ferske råvarer frå havet blei fortært mens sola tidvis titta fram og skapte illusjonen av at det nærma seg sumar.