Hopp til innholdet

Lokale lønsforhandlingar 2016

Hausten 2016 skal det gjennomførast lokale forhandlingar ved UiB etter §2.5.1 (tidlegare §2.3.3) i Hovudtariffavtalen mellom staten og LO Stat (NTL), Unio og YS.

NTL oppmodar alle medlemmer om å senda inn lønskrav til dei lokale forhandlingane.

Når dei lokale forhandlingane er ferdige, vil tillegg bli utbetalt med med verknad frå 01 juli 2016. Det er i år satt av 1,5% av lønsmassen til lokale tillegg til medlemmer i LO, Unio og YS, kva dette vil utgjera i pengar er enno ikkje klart då Kommunal og Moderniseringsdepartementet ikkje har summane klare enno. Forhandlingane skal vera ferdigstilt seinast 30.november.

 

Til grunn for fordeling av lønstillegga ligg UiB sin lokale lønspolitikk. Den kan lesast på http://ekstern.filer.uib.no/poa/Lonnspolitikk/Lonnspolitikk%20for%20UiB.pdf

(Henvisningane i teksten til ulike delar av Hovudtariffavtalen er dessverre ikkje oppdatert enno, slik at dei endringane i nummerering som er gjort – som å endra frå 2.3.3 til 2.5.1- ikkje er gjenspeila i teksten).

Dersom du ønsker at NTL skal fremma eit lønskrav på dine vegne i årets oppgjer, må du fylla ut skjema om dette og senda inn.

Send lønskrav til ntl@uib.no  innan 30 august i  kravskjema 2016

Har du spørsmål i samband med dette, ta gjerne kontakt med oss. Det vil også verta sett opp eit medlemsmøte før fristen for innsending av krav, der vi vil orientera nærmare om korleis ein søker, korleis prosedyrene er og anna om lokale forhandlingar. Nærmare informasjon om tid og stad kjem seinare.

 

Vennleg helsing

 

Jørgen Melve, leiar NTL UiB

Berit Storaker, nestleiar NTL UiB

1 kommentar til “Lokale lønsforhandlingar 2016”

  1. Tilbakeping: Medlemsmøte om lokale forhandlingar – 24.08 kl 1430

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *